Eg opna ikkje den meldinga for å sjå etter, så eg veit ikkje kva det var som skulle vare så lenge, men det plar vere ein medisinen som dei seier at vi menn over ein viss alder skal både få (og visstnok også gje) mykje glede av. . . . . , eller kanskje det andre dei propaganderer så sterkt for i spam-meldingane: Sveitsiske armbandsur? Men ærleg tala: Eg trur nok at 36 timar med ein ekte kopi av eit luksus-ur ville vere betre enn like lang tid med . . . . ja, æhem. . . nok om det.
Slik kan ein stakkar sitje og fundere i sydvest kuling og snøføyk. Ryggen er giktbroten og stiv som om han skulle svart på den sistnemde meldinga og ikkje fått klokka.
Om dette har noko som helst å gjere med ein naustvegg i Tafjord? Nei, slett ikkje!
Referere til dette bildet andre steder på foto.no: klipp og lim følgende tekst (ta med klammeparentesene): {bilde_248962} Det vil da bli automagisk laget en link til bildet fra teksten din.
Herlig miljø, kanskje litt stramt utsnitt? Ville gjerne sett mer av båten i underkant, føler jeg...
FF